Samarbeidsutvalget for Forliksråd og Namsmenn

Ny avgjerd frå Høgsterett - Formannskapsmedlemer kan vera meddommarar

[1] Høgsteretts dom 29. november 2021, HR-2021-2342-A, (sak nr. 21-114979STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (statsadvokat Inger
Myklebust)

Saka gjaldt spørsmålet om lagmannsrettens dom i ei straffesak måtte
opphevast fordi ein av meddommarane var medlem av formannskapet i ein
kommune.

Høgsterett kom samrøystes til at det ikkje er grunnlag for at
formannskapsmedlemer som folkevalde ombodsmenn skal reknast som
kommunale tenestemenn etter domstollova § 71 nr. 9.
Formannskapsmedlemer kan difor vera meddommarar.

Lagmannsretten var lovleg samansett. Anken over sakshandsaminga vart
difor forkasta.

Dommen avklarar innhaldet i domstollova § 71 nr. 9.

Les heile dommen her [2]

Kontaktpersoner
:
Informasjonssjef Ida Dahl Nilssen

Informasjonsmedarbeidar Rizwana Yedicam

E-post
info@hogsterett.no [3] Telefon 22 03 59 80

Links:
------
[1] https://sender.dialogapi.no/l/5WY_2QbVdgigd3_nlGij2w/JTIoCASungfLlpdph8OaQUdDfEMKlk1DwWyQSYIqupE=
[2] https://sender.dialogapi.no/l/nV3WrWAu2jj7K2y4Bw4XZA/JTIoCASungfLlpdph8OaQUdDfEMKlk1DwWyQSYIqupE=
[3] https://sender.dialogapi.no/l/TxEJ57vQFc81PY9xgRreng/JTIoCASungfLlpdph8OaQUdDfEMKlk1DwWyQSYIqupE=